Relansert nyttår 2024!

Har du kjent blandinga av lukter på ei vestlandsferje og prøvd å finne ord for å beskrive dei? Eller manglar du ord for å beskrive naboen sine ungar? Appen Or – for deg som ikkje finn ord hjelper deg.

Or – for deg som ikkje finn ord. Ordboka i appform som løyser ord-mangelen. Endeleg.

Strekk ikkje orda til? – Finn akkurat ditt ord.

Det er rart med det. Det skal noko til for å skildre akkurat det du vil formidle; ei oppleving, ei kjensle, ei lukt, ein smak, ei hending, ein ting. Det er så kjent på mange måtar, så opplagt. Og likevel står du der og stotrar: “Jo, men, altså, høyr … Ah, du skjøner kva eg meiner!” – og så slår du hjelpelaust ut med armane.

Det kan ikkje vere tvil: Me manglar ord.

Men ikkje nå lenger!

Med “Or – for deg som ikkje finn ord” får du endeleg ord for alle desse opplevingane, kjenslene og tinga. Som f.eks. ”den strålande ideen som kjem like før du sovnar, men som er heilt borte når du vaknar.”

Ja, berre slå det opp. Her får du eit fint, enkelt ord som du kan ta med deg inn i kvardagen din.

– Og din stad!

Og orda (orsak, ora) du finn her, finst faktisk allereie! Dei støvar ned i utmarka og døyr ut med gamle folk. Dei heng på skilt, peikande til unnselege, små og større stader, eller dei sirkulerer på folkemunne. Frå folkemunn til folkemunn.

Me tykkjer det er synd at flotte ord som “momoen”, “gjæslingan”, “skoklefall” og “nesoddtangen” skal miste sjansen for å nå lengre enn til skiltet sitt. Så med dette prosjektet kastar me dei inn i språket att i eit gigantisk redningsprosjekt. Bort med støv! Alle fortener ein ny sjanse!

Og det lover me deg: dei kjem til å gjøre mykje meir nytte for seg enn alle slags valium-ord som synergi, funksjon og prosess.

– Per Henning & Kjell Inge

Relansert 2024.

Appen “Or – for deg som ikkje finn ord” blei lansert i 2012 av Lesesenteret ved UiS – med stor ståhei – og fann vegen inn til mange hjarte. Men tida går, operativsystema blir stadig nyare, og brått står ein der og appen funkar ikkje lenger. Det er nesten noko kroppsleg over det.

Men kven skal halde kodarane med arbeid? Kven skal betale? Den lille, røde høna? Eller …

I tida som har gått, har me aldri gløymt appen vår. Han har låge stillferdig i ei digital skuff og slumra. Nå blir han altså relansert av The KIT – til iOS og denne gongen også til Android! Og i takt med tida tilbyr me han som ein (altfor billig) abonneringsteneste. Slik kan det kanskje gå an å få litt penger inn på driftskontoen til å fylle på nye or (og ord). Og slik vil prosjektet denne gongen kunne leve lenger og bli … enormt gigantisk!

Store ord, seier du? Ikkje om du les: Sola (f.)

Og har du lyst, kan du gjerne lese vår “Privacy policy” her – og også korleis du fullstendig slettar dine digitale spor om du vil forlate appen ein gong. Om du skulle ønskje det. Utan at me forstår korfor. Men du skal kunne, det skal du, det.

🎉 Lansert i nyttår 2024!